Nutheim Kunstsenter
Nutheim Kunstsenter - med age for det gamle og giv til det nye. Nutheim Kunstsenter skal vere eit kraftfelt for kunst og kultur i regionen og arrangere konsertar, kurs og kuratere utstillingar av høg kunstnarisk kvalitet. Målgruppa er både lokalbefolkninga og kulturinteresserte turistar.
Ein vev av tonar:Tidlause meisterverk frå renessansen og barokken på orgel og lutt
Lutt og orgel, to veldig ulike instrument som kvar for seg kan spele fleirstemt musikk, blandar seg saman til eit intrikat og rikt klangteppe.
Marit van Delft, luttenist, og Frederik Brander, organist, møtte kvarandre under studiet på det Kongelige Konservatoriet i Haag i Nederland. Dei har spelt saman sidan 1995, som duo, eller med vokalistar og melodi-instrument i tillegg. Dei har budd i Noreg sidan 2003.
Kunstnarkolonien Nutheim
Etter at Henrik Sørensen vitja området og tok inn på Nutheim i 1917, strøymde det kunstnarar til områet. Dei arbeidde iherdig med å få fest sine nye motiv til lerreta, og om kvelden samla dei seg på Nutheim for å kvile, eta og drikke, krangle og diskutere rundt dagens fangst. Det blei sagt at ein ikkje kunne setje seg på ein stein i heile Flatdal utan å få ein målingsflekk i fua.
Nutheim står sentralt i norsk kunsthistoria og er vitja av mange kjende kunstnarar. Sommaren 2023 kan du sjå utstillinga “Streif langs Sogevegen” i låven på Nutheim Gjestgiveri som fortel noko av historien til kunstnarkolonien.