Anita Greve (1905 - 1972)
Målar Anita Ruth Greve vart fødd i Kristiania 5. august 1905. Ho studera i 1932 ved Académie scandinave Maison Watteau i Paris under Marcel Gromaire (1892–1971) som også Henrik Sørensen var knytt til. Greve fikk sin debut på Høstutstillingen samme høst med Treet og stilte ut omtrent kvart år fram til 1970.
Anita Greve tilhøyrde Sosialistisk kulturfronts malergruppe.
Ho måla mykje i Holmsbu, Flatdal og Nord-Afrika. Greve gjorde sterkt inntrykk på tenestejentene på Nutheim då ho farga håret raudt med hennafarge og gjekk med bukser. Ho budde på det svarte og burgunderraude rom nr. 7.
På ein målartur til Åsan-gardane blei ho jaga vekk av ein pietistisk bonde. På gjestgiveriet fekk ho råd om å heller prøve med skjørt. Då gjekk det betre. I kunstnarkolonien på Holmsbu blei ho omtala som “malernes hulder”.
Greve sat på Grini under krigen, der ho teikna ei rekkje portrett av medfangane sine.