Rudolph Thygesen
Rudolph Thygesen (1880 - 1953) var elev av Harriet Backer og av Kristian Zahrtmann i København 1901–02. Høsten 1921 fekk Thygesen teoriundervisning hos Pedro Araujo i Paris. Då lærde han om “det gylne snitt” og “harmoniens portal”, og Thygesen nytta seg ofte av konstruerte hjelpelinjer i måleria etter dette.
Thygesen vanka på Nutheim i 30- og 40-åra. I 1938 er det kjent at han måla i Hjartdal. Han høyrde til den gruppa som tok med seg impulsar frå Paris og blir rekna blant Matisse-elevane sjølv om han ikkje gjekk i lære hjå Matisse.
Han måla med ein umiskjenneleg, nesten sær, eigenart og fall etter kvart litt utanfor den sentrale trenden som blei gjeldande på 30-talet, då nasjonale og sosiale verdiar kom i fokus.
Thygesen var diabetikar og noko av ein vriompeis for personalet på Nutheim. Dei hugsar han som ein litt usympatisk skrytepave og sinnatagg som stadig prøva å få folk med bil til å få tak i vin for han på polet. Kanskje var han noko desillusjonert og bitter etter at fyrste kona hans, romansesongerinna Klara, stakk av med sonen til kongen av Cocosøyene.
Han er kjend som ein faun i norsk kunst, og måleria hans frå området er friskare og friare enn dei fleste andre.