Utstillingar
Open 11.00 - 18.30
Billett kr 40,-

Ild, vann og svart stein
I utstillinga vil du få sjå marmorerte svart/kvite porselensplater og krukker i den tradisjonelle japanske teknikken nerikomi. Og flere krukker i svart steingods handbygd av leirplater med innfarga krakelert proseslen.

Den langsomme veien gjennom skogen og hjem
I utstillinga vil du sjå eit utval av Stabells verk frå dei siste åra. Dei store vevnadane er montert i taket i det store låverommet. Publikum vil sjå vevnadane som tredimensjonale levande skulpturar i tett dialog med tømmeret og ljoset i det gamle låverommet.

Erlend Grøstad hundre år - vårsesong
Erlend Grøstad (19.02.1923 - 10.04.2018) debutera som målar i 1948 og vart etterkvart ein kjendt landskapsmålar. Han jobba gjennom eit langt liv med å byggje opp Nutheim Gjestegiveri som eit kunstsenter. Mellom anna arrangerte han målarskule om sommarane frå 1961. Han fekk, saman med bror sin kunstnaren Terje Grøstad, Kongens Fortjenestemedalje i 1996.

Erlend Grøstad hundre år

Utstillingsopning: Erlend Grøstad 100 år
Erlend Grøstad (19.02.1923 - 10.04.2018) debutera som målar i 1948 og vart etterkvart ein kjendt landskapsmålar. Han jobba gjennom eit langt liv med å byggje opp Nutheim Gjestegiveri som eit kunstsenter. Mellom anna arrangerte han målarskule om sommarane frå 1961. Han fekk, saman med bror sin kunstnaren Terje Grøstad, Kongens Fortjenestemedalje i 1996.
Utstillinga er i tre deler og viser kunstarens ungdom som reklamemann, vaksenlivet som kunstnar og alderdommen med demens og flittig bruka skisseblokk.

Finissage: Ustillinga "Streif langs Sogevegen”
Me tek ned utstillinga "Streif langs Sogevegen" for å gjere plass til ei ny utstilling. Men me rundar av med ei siste samtale om bokprosjektet, Sogevegen og kunstnarkolonien ved Nutheim.
Samtalen er mellom landskapsarkitekt Tone Telnes og biletkunstnar Ånond Versto. Telnes har vore engasjert i prosjektet "Sogevegen om Nutheim" og Versto er ein av forfattarene bak boka "Streif langs Sogevegen - ein turguide". Samtalehjelpar er Inger Kristin Haugsevje.

Utstilling: Streif langs Sogevegen
Utstillinga i samband med lansering av boka Streif langs Sogevegen viser verk frå historiske kunstnarar knytt til området rundt kunstnarkolonien Nutheim og verk frå kunstnarar som har vore med å bidra til kunst langs Sogevegen, eit innblikk i den store kunstnarkolonien som utfalda seg i området i mellomkrigstida.

Utstillingsopning og boklansering: Streif langs Sogevegen
Boka Streif langs Sogevegen – Ein turguide for Flatdal, Svartdal, Ambjørndalen og Hjartdal, skriven og illustrera av kunstnarane Ånond Versto og Hans Kristian Borchgrevink Hansen, tek for seg eit område uvanleg tettpakka med artsrike kulturlandskap, folkeminne og kunsthistorie. I tillegg til reiseskildringar, soger og andre funn gjev boka eit innblikk i den store kunstnarkolonien som utfalda seg i området i mellomkrigstida.

Utstilling: STEDSANS av Tove S Hellerud
Opning av utstilling "STEDSANS"- måleri av Tove S Hellerud.
Kunstnerinna held til i Horten, og i Lazio ved Roma, Italia. Ho vekslar mellom dei dei to landa der dei ulike landskapa sett sine spor.
Ho jobbar ut ifrå dei 3 primærfargane og blandar fargetonar derifrå for å få visuell kraft i bilete. Måleri henner er å sjå i Galleriet på Nutheim i sommar.
Bobler, kunst og ein prat med kunstnaren til dei som kjem på opninga.
Alle hjarteleg velkomne.

Utstillingsopning: Morten Slettemeås
Heilt nye arbeid av Morten Slettemeås i galleriet på Nutheim. Han stiller ut måleri og grafiske blad.
Han har i 2021 bl. anna hatt eit opphald i Terje Grøstads atlier i vår, der han har laga tresnitt. Velkommen til utstillingsopning, bobler og musikk.