Nutheim Kunstsenter
- fasilitetar
Nutheim Kunstsenter koordinerer og skaper aktivitet på areal og i bygningar som tilhøyrere andre. På denne sida kan du sjå kva for fasilitetar me disponerar
Kunstnarhotellet i Telemark
Mykje av arealet kunstsenteret disponerar er eigd av Nutheim Gjestgiveri. Me har eit tett samarbeid og bidrar til at gjestene ved hotellet får eit kulturprogram av høg kvalitet. Hotellet har vore i same familie i fire generasjonar med Solveig Barstad i siste ledd.
Grøstadatelieret
Grøstadatelieret er atelieret etter grafikar Terje Grøstad. Det er omlag 600 kvm og rikt utstyrt med ulike verkstadar og verktøy. Atelieret vert bruka til konsertar, kurs, residens og er fast arbeidsplass for kunstnar Ånond Versto.
Kapellet
Kapellet ligg i kjellaren på Prestegarden og er via til økumenisk bruk. Det har plass til omlag 50 publikum og er ein fin arena for stemningsfulle, sakrale eller akapellakonsertar.
Atelierrom
Hovedrommet i Grøstadatelieret har 7 meter takhøgde med naturleg overljos frå takvindauge. Golvarealet er ca 30m2
Grøstadatelieret
Grøstadatelieret er atelieret etter grafikar Terje Grøstad. Det er omlag 600 kvm og rikt utstyrt med ulike verkstadar og verktøy. Atelieret vert bruka til konsertar, kurs, residens og er fast arbeidsplass for kunstnar Ånond Versto.
Keramikkverkstad
Keramikkverkstaden ligg i eiget separat bygg med steingodsomn og elektrisk dreieskive.
