Arne Stømne (1918 - 1995)
Målaren Arne Stømne vart fødd 4. april 1918 i Bærum. Han studera i 1927 ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole 1942 - 1945, og under ved Statens kunstakademi mellom 1948 og 1948 under Per Krogh og Aage Storstein. Han har hatt ei rekkje kollektiv- og separatutstillingar. Nasjonalgalleriet har 6 verk av han i samlinga si.
Stømne høyrde til det fyrste kullet på kunstakademiet etter krigen, eit miljø som tok eit frigjerande kunstnarleg oppgjer med stabbursmåleriet og utvikla eit lyrisk abstrakt uttrykk, basert i naturopplevingar, ljos og farge. Likevel hadde også han ei draging mot stabbursmålaranes Olympus og leigde i fleire år gamlestoga på Blengsdalen, før han bygde seg ei lita målarhytte ovanfor Natadal, av rivingsmaterialar han drassa med seg heilt frå Porsgrunn.
Stømne hadde anarkistiske haldningar. Ein gong drog eit muntert opptog med svart fane, leia av Stømne, ranglande nedover lia frå Blengsdalen, truleg på veg til Eystein Sigurdsson.