Willi Middelfart (1904 - 1975)
Målar Willi Middelfart vart fødd i Kristiania 4. april 1904. Han var elev av Per Krogh og Otte Sköld på Académie Scandinave i Paris, og gjekk på Statens kunstakademi under Axel Revold 1929-1939 og under Georg Jackobsen i 1939 - 1940.
Willi Midelfart var stamgjest på Nutheim heilt frå byrjinga av 30-åra. Han bruka mykje reine tubefargar i landskapsmåleria, så dei har ofte ein noko “giftig” koloritt, men på det beste er dei tindrande og klart stadbundne fargesymfoniar.
Personalet på Nutheim opplevde Midelfart som svært sjenert og forsiktig. Han ville ikkje vise fram bileta sine, så han vende dei mot veggen når han gjekk opp trappa til andre etasje etter ein dag i felten.
Og han hadde alltid perfekt press i buksene. Jentene som reidde opp for han la merke til at buksene låg i press under madrassen.