Eva Bull Holte (1922 - 1993)

Målar Eva Bull Holte vart fødd i Kristiania 15. januar 1922. Ho studera på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole frå 1940 til 1944, under krigen. Etter krigen, 1947 - 1950, gjekk ho på Statens Kunstakademi under Jean Heiberg. Ho gjekk óg på École des Beaux Arts i Paris fra 1951-1953. Ho hadde ei rekkje kollektiv- og separatutstillinger og Nasjonalgalleriet har 4 verk i samlinga si.

Eva Bull Holte har eit eige museum, eit kvarters køyretur frå Nutheim. Museet er ope på sommarstid og husar ei mengd av dei formfaste og intense måleria hennar. I Telemark høyrde ho til same generasjon og miljø som John Anker og Grøstadbrørne, som ho ofte stilte ut i lag med.

Eva var gift med Johann B. Holte, mannen som i sin ungdom skal ha utvikla kvikklunsjen då han var laboratoriesjef på Freia. Han blei seinare direktør i Norsk Hydro.

Etter Evas død i 1993 sette han av formuen til å byggje og forvalte museet for konas kunst på Sneie.