Johs. Rian (1891 - 1981)
Målar Johs Rian vart fødd i Overhalla 17. mai 1891. Han studera i 1927 ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og under Axel Revold ved Statens kunstakademi mellom 1928 og 1930. Han hadde fleire separatutstillinger og Nasjonalgalleriet har meir enn 100 verk av han i samlinga si.
Rian var fast gjest på Nutheim Gjestgiveri gjennom 30-åra. Han budde på nr. 6 og røykte store mengder sigarettar ut glaset. Der hadde han god utsikt oppover vegen, der bilane frå Oslo-kanten kom køyrande.
Rian blei god kamerat med ungane på Nutheim. Ein gong kom det ein gamal hjulbeint kar frå Langlim gåande, og Rian spurde om å få teikne han. Jau, det kunne vel gå, det. Då Rian var ferdig med teikninga og synte den til mannen, blei han reint fælen: “Er eg hjulbeint!?” Han hadde visst aldri sett noko bilete av sjølve seg.
Måleria frå tida på Nutheim er veldig varierande og fortel om ein kunstnar som verkeleg leitar etter sitt eige uttrykk. Seinare i livet landa Rian i ein svært personleg stil med fantastisk livleg og tydeleg koloritt. Rians kunst, spesielt frå tida etter andre verdskrig og fram til han døydde, er svært ettertrakta. Mot slutten av livet gjekk han over til å måle reint abstrakt.