Fritz Smedberg (1900-1977)
Fritz Smedberg (1900-1977) var ein svensk målar frå Gävle. Smedberg fekk interesse for norske landskap etter eit besøk i Telemark i 1929. Han vart ein del av kunstnarkolonien på Nutheim.
Svensken Smedberg, frå Gävle, kom til Telemark i 1929 og bygde seg eit lite atelier på Glosarbergi under Bindingsnuten i 1938, der mellom andre Jussi Bjørling skal ha vore på besøk.
Smedberg hadde eigen bil, eit svartlakkert glis med “FS, Artist” skrive på døra. Johs. Rian, som ofte sat i vindauget på nr. 6 på Nutheim Gjestgiveri og røykte, irriterte seg mykje over den svenske snobben. Ein gong ropa han til Smedberg: “Har du svingstang med deg og eller?” Smedberg blei fornærma. Dei utveksla mange spitord den sommaren.
Smedberg måla formfaste, nøkterne landskap.