Terje Grøstad

Terje Grøstad (1925 - 2011) var utdanna ved Statens Kunstakademi, Oslo under Per Krohg 1947–50 og debuterte på haustutstillinga i 1953, med måleri og tresnitt. Han var ein av landets mest folkekjære grafikarar. Som kyrkjekunstnar utsmykka han over tredve kyrkjer.

Jeg betrakter meg som en lyriker - naturlyriker om du vil. Jeg føler meg fri i forhold til motivet, og jeg flytter gjerne på en ås eller et tre eller to hvis jeg mener det er nødvendig.
— Terje Grøstad

Terje Grøstad kom til Nutheim saman med sin bror Erlend Grøstad 29. august 1949. Dei skulle begge etter kvar slå seg ned her og gifte seg med kvar si syster.

Terje Grøstad var ein praktikar og ein oppfinnsom kunstnar som kunne nytte seg av mange ulike teknikkar. Det vitnar atelieret hans på Nutheim om, for her er det fleire ulike verkstadar og maskiner som er kjekke å ha når ein skal uttrykke seg innan eit mangfold av utrykksformer.

Kunsten hans er i første rekke knyttet til landskapet i Telemark og ved Lista, men han er også kjent som kirkekunstner, både med grafikk og glasmåleri

Salsomvisning

 i Grøstadatelieret

Grøstad-atelieret

Terje Grøstad er kjend for sine tresnitt med motiv frå Telemark og Lista. Fleire av trykka er framleis å få kjøpt i atelieret.

Ta kontakt med Nutheim Kunstsenter dersom du er interessert i å handle trykk.