Alexander Schultz - Ånond Versto.png

Alexander Schultz (1901 - 1981)

Målar og kunstprofessor Alexander Schultz vart fødd i Kristiania 25. mai 1901. I Paris var han elev av Henrik Sørensen og Othon Friesz. I 1935 til 1937 var han elev ved Statens kunstakademi uuner Jean Heiberg og Georg Jacobsen. Han fekk gjenombrot i 1949 med ei separatutstilling i Kunstnernes Hus. Fleire av verka hans er i Nasjonalmuseet.

Gunhild Svartdal hadde spurt Willi Midelfart om han visste om nokon som kunne lære sonen Eivind å måle, i byte mot gratis losji på gjestgiveriet. Midelfart gav oppdraget til Schultz, som kom oppover i lag med systera Irina, ballettdansarinna, i 1938.

Telemark var ikkje ukjent terreng for Schultz, som hadde vore i området fleire gonger tidlegare på 30-talet. Måleria til Schultz ber preg av eit menneskeleg varmt og intimt uttrykk, men er bygde over ein intellektuelt konstruert komposisjon. Schultz blei seinare professor på Kunstakademiet.

Det er en fin utstilling [Kunstnernes hus, 1949] som vitner om en meget sjelden evne til å forene ervervede kunnskaper med et opprinnelig talent uten at noe av den personlige gnisten går tapt.
— Arve Moen, Arbeiderbladet 17. feb 1949