Harald Khile (1905 - 1997)
Målar og grafikar Harald Kihle vart fødd i Borre 3. juli 1905. Han var elev av Eivind Nielsen på Statens håndverks- og kunstindustriskole i 1926–1929, av Axel Revold og Per Krohg i 1933–1934 og av Marcel Gromaire i Paris i 1938.
Kihle var, saman med Sørensen, telemarksmålaren par excellence. Han kom fyrst til Hjartdal, i 1927, etter råd frå Henrik Sørensen, som hadde budd i Prestegarden og måla det kjende biletet frå Egderud. Kihle bygde heile sin kunstnarskap på måleri frå Telemark. Bileta er ofte måla i ein umiskjenneleg ujålete, grågrøn koloritt som er spesielt stemningsskapande i motiv frå gråvêrsdagar, Kihles spesialitet.
I 30-åra var Kihle og Kai Fjell mykje i lag i Flatdal og Hjartdal. Seinare strauk Kihle lenger vestover, til Arabygdi og Smørklepp i Vinje.