Sigurd Winge - Hans K. B. Hansen.png

Sigurd Winge (1909 - 1970)

Biletkunstaren Sigurd Winge vart fødd i Hamburg 14. mars 1909. Han gjekk på Statens Kunstakademi 1929–1932 under Axel Revold. Han debuterte i 1933 med Unges utstilling i Kunstnernes Hus i Oslo og var også med på Høstutstillingen.

På Nutheim er Winge best hugsa for å kysse kona Eva heftig og i all offentlegheit då dei budde der med sonen Stein under krigen.

Winge gjekk med hollandske tresko og var fillete kledd, men hadde høg status som kunstnar. Det er uklart kva han tok med seg av impulsar frå Telemark, men etter krigen laga han ein serie grafiske blad med pastorale motiv – tidlaust framstilte menneskefigurar og dyr i fredelege og landlege omgivnader.