Henrik Sørensen (1882 - 1962)

Målaren Henrik Sørensen vart fødd i Sverige 12. februar 1882. Han var elev på Statens håndverks- og kunstindustriskole i 1904, og debuterte samme år på Høstutstillingen med måleriet Landskab. Henrik Sørensen har sett stores spor etter seg i kunstverda, men også på Nutheim.

Henrik Sørensens store karisma og sosiale vesen, i tillegg til evnene og visjonane hans som kunstnar, gjorde han til midtpunkt i eit uvanleg omfattande nettverk. Han blei den mektigaste personen i norsk, kanskje til og med skandinavisk, kunstliv i mellomkrigstida. Krinsen av kunstnarar rundt han blei spøkefullt kalla camorraen etter den napolitanske mafiaen.

Henrik Sørensen var ikkje medlem i kulturfronten, men var ein slags gudfar for dei fleste kunstnarane der. Reidar Aulie, Doro og Carl von Hanno, Finn Nielssen, Kai Fjell, Harald Kihle, Alexander Schultz, Harald Dal, Anita Greve, Finn Faaborg og Søren Steen-Johnsen er nokre av namna som er assosierte med rørsla.

Når Sørensen fyrst hadde strøydd sitt gullstøv over øvre Telemark, fylgde andre etter, og i området rundt Nutheim, med avstikkarar til Hjartdal, Svartdal og Dyrlandsdalen, vanka det etter kvart så mange kunstnarar at det kan omtalast som ein av landets store kunstnarkoloniar, kanskje den største.