Mathilde Smith (1824 - 1882)
Mathilde Smith studerte under Hans Gude i Düsseldorf mellom 1850 og 1853. Ho var blant dei fyrste kvinnene som fekk utdanne seg til målar. Dei fleste av desse pionerane blei portrettmålarar, men Mathilde tok fatt på landskapsmåleriet. Ho var den fyrste kvinna som fekk reisestipend frå staten, og i ein periode hadde ho atelier på slottet.