Eystein Sigurdsson (1925)
Grafikar Eystein Sigurdsson vart fødd på Lillehammer 19. august 1925. Han var elev av Ole Mæhle på Lillehammer i 1943 til 1945, gjekk på Statens håndverks- og kunstindustriskole i 1945–1950 under Chrix Dahl og på Kunstakademiet i Oslo under Jeans Heiberg 1950- 1954.
Sigurdsson var mest kjend som ein populær og svært grundig grafikar. Han skaffa seg kunstnartun i Flatdal, eit pilskot aust for Nutheim, tidleg på 60-talet, og overtok både pressa og leilegheita til Paul René Gauguin i Oslo då Gauguin flutte til Danmark.
I Flatdal var han tett knytt til Arne Stømne. Dei delte både politisk oppfatning og det løyndomsfulle arbeidet med heimebrenning i målarhyttene sine. Sigurdsons tresnitt er ofte landskap der enkle fargeflater, trykt over einannan, lagar eit komplekst og levande fargespel.
Med to så markante grafikarar som Sigurdsson og Terje Grøstad, blei Flatdal eit aldri så lite senter for fargetresnitt frå 60-åra og utover.