Per Hilden - akvarell av Ånond Versto.png

Per Hilden (1915 - 1989)

Målaren Per Hilden vart fødd i Kristianina 15. februar 1915. Han var elev av Charles W. Strøm i 1933 til 1934 og på Statens Kunstakademi 1935–1937 under Axel Revold. Han var med på Høstutstillingen tre gonger.

Hilden gjekk i lære hjå Charles Strøm asom 18-åring i 1933, og kom inn på kunstakademiet under Axel Revold i 1935. Han tok del i Kunstnarkolonien i Flatdal under krigen og debuterte tidleg på 50-talet, men fekk lunkne kritikkar der dei peika på ein anstrengt og meiningslaus bruk av fargar Østlands-posten skreiv:

Hilden bruker det mest intense av rødt og grønt som kan skaffes på tuber, men likevel, under arbeidets gang, dempes de likesom ned, og vi står foran landskap i en egen slags tussmørkestemning.

Det kan vera vanskeleg å reise seg etter slike kritikkar. Hilden høyrer nok til dei mange kunstnarspirene som aldri heilt nådde opp og måtte ty til pengejobbing på si. Han selde kunstgjødsel og dekorerte keramikk for Eilif Whist.