Søren Steen-Johnsen (1903 - 1979)
Målar og grafikar Søren Steen-Johnsen vart fødd i Trondheim 7. oktober 1903. Frå 1921 til 1924 studera han ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole under Eivind Engebretsen og Wilhelm Krogh-Fladmark. Han vart også seinare elev av mellom anna Axel Revold og Per Krogh. Han var med på Høstutstillingen 31 gonger og har fleire verk i samlinga til Nasjonalmuseet.
Steen-Johnsen kom inn i øvre Telemark til fots, i lag med Willi Midelfart og Karl Høgberg, sommaren 1930, etter gode råd og vink frå Henrik Sørensen. Denne fotturen blei skilsetjande for dei tre, som stadig kom attende for å måle. På ei studiereise til Italia i 1934 blei Johs. Rian og Steen-Johnsen feilaktig arresterte av Mussolinis soldatar for mordet på kong Aleksandar den 1. av Jugoslavia, men kom frå det med livet og fekk reise vidare.
I tillegg til kunsten dreiv Steen-Johnsen som kritikar i hovudstadspressa og var svært aktiv i tillitsverv.