Kai Fjell (1907 - 1989)
Målar, scenograf og teiknar Kai Fjell vart fødd 2. mars 1907 i Skoger. Han studera i 1927 ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og under Axel Revold ved Statens kunstakademi mellom 1929 og 1931. Han fekk gjennombrot etter si fyrste separatutstilling på Kunstnernes Hus i 1937. Nasjonalgalleriet har 36 verk av han i samlinga si.
Kai Fjell kom til Flatdal i lag med Harald Kihle i 1931. I denne tida streva han mykje både med utrykket og med økonomien.
Han kokte havregrynsgrøt i et vaskevannsfat og spiste av den hele uken. Så vasket han seg selv og sokkene sine i fatet før han kokte neste ukes rasjon
(Egeland).
Men i 1937 fekk han eit gjennombrot av dei sjeldne. Han selde alt og blei velståande. To år etter sikra han seg tomt i Flatdal. Tunet voks fram, av tømmerhus og gjenstandar som bygdefolket ikkje såg særleg verdi i på den tida:
Folk der oppe trodde jeg var gal, men jeg så menneskeligheten bak disse primitive tingene. De ble brukt og behandlet på en naturlig måte, og folk levde i det uten å tenke på nåtiden.