Tilbake til alle arrangementer

Draumkvedet på Nutheim

  • Nutheim Kunstsenter 896 Flatdalsvegen Flatdal, Vestfold og Telemark, 3841 Norway (kart)

Tradisjonen tru er det Draumkvedet i Kapellet på Nutheim trettande dag jol. I år er det Ingvill Marit Buen Garnås som skal kveda.

Program

kl 17.00 Foredrag i spisesalen på Nutheim Gjestgiveri med dr. philos. i kulturhistorie Herleik Baklid om gamle skikkar i tida frå jolaften til 13. dag
kl 18.00 3-rettars middag
kl 20.00 Draumkvedet med Ingvill Marit Buen Garnås i Kapellet på Nutheim

Billettar: kr 979,- pr person
Billetten inkluderar foredrag, konsert og tre rettar. Drikke til maten kjem i tillegg.

Sidan det er begrensa med parkeringsplassar ved Kapellet, ber me folk som har helse til det om å parkere lengre unna og gå ned. Det er fem minuttar å gå frå spisesalen på Nutheim Gjestgiveri til Kapellet. Gode utesko anbefalast. For folk som er dårlege til beins er det mogleg å bli kjøyrt til døra.

Kapellet ligg i kjellaren på Prestegarden som er ei gamal tømre frå 1700-talet. Det kan vere kjølig om det er kaldt ute, så lurt å ha med seg varme klede om ein lett frys.

Arrangementet er i samarbeid med Nutheim Gjestgiveri og det er ikkje mogleg å kjøpe billett til berre konserten. Evt ledige billettar uten middag blir lagt ut dagen før.

Forrige
Forrige
9. desember

Jolejazz på Nutheim

Neste
Neste
8. mars

Reolô i låven på Nutheim