Per Anders Buen Garnås spelar slåttar i tradisjon etter Lars Fykerud
Per Anders Buen Garnås avsluttar konsertkåseri-trilogien sin på Nutheim, denne gong med Lars Fykerud som tema.
Lars Fykerud (1860–1902), frå Sauherad, var den store stilskaparen i hardingfelespelet i Telemark i perioden like etter Myllarguten og Håvard Gibøen. Fykeruden hadde eit kort og intenst liv. Tida hans som turnerande konsertspelemann i USA gjorde han både rik og berømt i ein kort periode, før ljoset brann ut. Spelet etter Fykeruden er rikt og dramatisk, med lange, utbygde slåttar. Det blir folkemusikkpub og dans på Nutheim etter konserten. Vel møtt!