Tilbake til alle arrangementer

Stein Torleif Bjella

  • Nutheim Kunstsenter 896 Flatdalsvegen Flatdal, Vestfold og Telemark, 3841 Norway (kart)

Svein Torleif Bjella på Nutheim Kunstsenter

Stein Torleif Bjella

Solokonsert med Stein Torleif laurdag 31.oktober kl 18 og kl 21. Framføringa blir i det fantastiske Terje Grøstads Atelier på nedsida av vegen.

Me kjører 2 konsertar, der kvar konsert kan ta 50 gjester. Fyrste konsert byrjar kl 18 og den andre kl 21. Det blir enkel bar nede i atelieret og dørene opnar kl 17 for den fyrste konserten og kl 20 for andre.

Me har ope for middagservering før og etter konsertane, og for overnatting på Gjestgiveriet
Med tanke på koronasituasjone er det fint med gruppebestillingar slik at folk kan sitte saman ved bordet.

Konsert, 4-retters middag og overnatting i dobbeltrom Kr 1680 pr person.
Konsert og 4-rettars middag Kr 880,-
Pris konsert 350,-

Meld deg på til oss 35052143/97542705
Bindande påmelding

VIKTIG MELDING TIL DEI SOM SKAL PÅ BJELLA KONSERT PÅ NUTHEIM TIL LAURDAG 31.oktober
Fyrst av alt vil eg sei at me gledar oss VELDIG til konsert. Og JA det blir konsert.
Men for å kunne gjennomføre arrangementet på ein god og forsvarleg måte med tanke på Corona-situasjonen er det viktig at me alle tek våre forhandsreglar for å unngå smittespreiing.
Alle får eigne tildelte plassar saman med vennene sine. Andre ting å tenke på er god handhygene, avstand og unngå nær migling med andre enn dei me kjem saman med og sist men ikkje minst å la ver å koma om du er sjuk eller har symptom.
For oss på Nutheim er det viktig at logestikken gjeng bra for å begrense kontakten mellom gjestene.
Det vil sei at dei som skal på konsert kl 18 reiser rett ned i atlieret til Terje Grøstad. (Dørene opnar kl 17). Middagen blir kl 20.00
For dei som skal på konsert kl 21 så startar bordsete kl 18.00 for konserten kl 21.dørene opnar kl 20 ) Folk må vise litt tålmod for å unngå kø og trengsel. Håpar dette var forståleg for her blei eg litt surrete sjølv.
Då sjåast me på laurdag;) med Stein Torleif Bjella på Nutheim

Neste
Neste
4. juni

Per Anders Buen Garnås: Myllarguten