Nutheim Kunstsenter har invitert Hulbækmo & Jacobsen familieorkester til å spele på låven på Nutheim. Dette blir ein kveld kor generasjonar kan møtast til hyggeleg lag, musikk og dans.
Familieorkester
Ein familie som i alle år har hatt musikken som ein felles arena har starta eige familieorkester! Brørne Hans og Alf var tidleg med på lasset i inn- og utland saman med mor og far Tone og Hans Fredrik, og har etter kvart gått sine eigne vegar innan musikken. I orkesteret møter me familien på ein interessant arena der kvar enkelt tar med sitt personlege uttrykk og innfallsvinkel.
Familieorkesteret ynskjer å formidla eit frodig og leikent musikalsk univers på tvers av sjangrar. Saman har dei reist rundt i store delar av verda der dei har vorte inspirerte av folkemusikk frå ulike kulturar og av menneske dei har møtt på vegen. Alt dette puttar dei opp i familien si eiga musikalske gryte der kvar og ein kjem med bidraga sine frå jazz, impro, blygjest, folkemusikk, mellomaldermusikk og eigenkomponert musikk. Ut kjem eit svært personleg musikalsk heksebrygg der ein kan kjenna igjen element frå ulike sjangrar, men her i ein heilt eiga tapping.
Orkesteret sine medlemmar
Tone Hulbækmo - vokal, harpa, lyre og trøogel
Hans Hulbækmo - slagverk, munnharpe, sag
Alf Hulbækmo - tangentar, altsax, munnspel
Hans Fredrik Jacobsen - fløytar, sopransax, toradar, gitar