Alt ligg til rette for ei juninatt du seint gløymer når Valkyrien Allstars fêr forbi Nutheim i sommar på si ferd over fjøllet. Konserten er flytta utandørs og Mattis Kleppen og Ottar Kåsa frå Resjemheia varmar opp.
Me garanterar at publikum ikkje vil skuffe når eit av landets beste liveband unnar seg en stopp langs vegen for å kjenne på korleis det er å spele innst i en krok under nuten på ein omveg langt inne i svartaste grånskogjen.
Valkyrien spelar musikk med sitt heilt eiget uttrykk, men at dei har røter i folkemusikk gløymer dei ikkje sjølv om dei leikar seg med tonar som kan likne mistenkjeleg på populærmusikk.
Sjølv om bandet har vorte kjent, har vunne prisar og når eit stadig breiare publikum, kan me ikkje sei at dei har blitt «kommerse». Det er konserten på Nutheim beviset på, for lokalet er eigentleg alt for lite for så store stjerner. Fredag 21. juni blir det stappfullt og sveitt på låven på Nutheim.
Bandet består av Tuva Syvertsen, Magnus Larsen Jr, Erik Sollid og Martin Langlie
Cover: kr 550,-