
Kunstpause på Nutheim
Unn deg ei kunstpause på Kunstnarhotellet i Telemark! Dette kurset er for deg som vil ta i pause frå kvardagen, ete god mat på kvelden og fokusere på noko kreativ om dagen. På dette kurset skal du måle det vakre landskapet du står i.
Kunstpause med god mat
Lengtar du etter å få litt tid til deg sjølv? Ta ei pause frå jobb og mobil og nyt roen kjem når du fokuserar på noko kreativt. Dette kurset er for deg som likar å vere kreativ, likar å ete god kortreist mat og nyte utsikta du skal måle neste dag frå ei badstu med badestamp
Pris frå 9900,-
Prisen varierar med rommet du bur på. Du betalar 5.500 kroner for reservasjonsbillett på fyrehand. Resten betalar du ved avreise.
Send oss ein e-post til post@nutheimkunstsenter.no eller ring på tlf 477 68 456 dersom du lurar på noko eller treng å avklare tilrettelegging før du melder deg på.
Les her om korleis kurset var sommaren 2023.
-
Dette er den rimelegaste pakka. Du deler rom med ein god ven.
Pris pr. person inkl. mat: kr 9900,-
-
Me plasserar deg der det er plass. Du må kanskje dele bad og toalett med ein eller to andre.
-
Om du verkeleg vil ha tid for deg sjølv, passar denne pakka. Du får eit eiget lafta lite hus, bur, med eiget bad som du bur i. Dei små lafta husa er gamle og har tjukke tømmerveggar som gir ein sval og behageleg temperatur som det er godt å sove i.
-
Du betalar 5.500 på fyrehand. Resten av opphaldet betalar du når helga er over.
Lokal kortreist mat
Kvar kveld byr vertane på lokal mat av høg kvalitet og ei soge frå det “mytiske Telemark”.
Praktisk
Kurset er ein kortare versjon av sommarkurset på ei veke tilpassa folk i arbeid. Kurset går over ei langhelg med kursdag på fredag og laurdag. Deltakarane kjem på torsdag til middag og reiser sundag før lunsj.
Nutheim ligg vakkert til i Seljord Kommune, og plassen har gjennom tidene hatt besøk frå ein rekke kjende kunstarar som har måla landskapet rundt Nutheim. Landskapsmåleri er vektlagd og deltakarane står ute i landskapet så sant været tillet. Ved dårleg vær står vi anten inne eller under tak på svalgangen på låven.
To erfarne mentorar hjelper kursdeltakerne med å finne si eigen uttrykksform.
Kursdeltakarane kan ta med eigne målesaker eller ein kan handle alt frå staffeli, lerret, skissebok, akryl- og oljemåling, penslar, blyantar og anna kunstmateriell i vårt utsal for kunstmateriell.
-
kl 18.00 oppmøte og innsjekk hotellet
kl 19.00 middag med 4 rettar og fortelling om historia til Kunstarhotellet i Telemark
-
8.30 - frukost
9.30 - 10.00 Tegneøvingar for å varme opp
10.00 - 10.45 Undervisning i komposisjon og perspektiv
11.00 - 12.45 Val av motiv og skisser
13.00 - 13.45 Varm lunsj
14.00 - 17.00 Individuell rettleiing på eiget måleri
19.00 - Firerettars middag på lokale råvarer
Dagen er ei blanding av teoretisk undervisning og eigen måling med veiledning frå ein av dei to mentorane.
Landskap målar vi ute i naturen og me tilpassar til veret og korleis det er meldt.
-
8.30 - frukost
9.30 - 10.00 Tegneøvingar for å varme opp
10.00 - 10.45 Undervisning i kontrast og fargelære
11.00 - 12.45 Opplæring i bruk av akrylmåling, lerret og andre materialer. Oppteikning av motiv med kol på lerret.
13.00 - 13.45 Varm lunsj
14.00 - 16.30 Individuell rettleiing på eiget måleri
17.00 - 18.30 Badstu og boblebad med flott utsikt til Flatdal for dei som vil.
19.30 - Firerettars middag på lokale råvarer
Dagen er ei blanding av teoretisk undervisning og eigen måling med veiledning frå ein av dei to mentorane.
Landskap målar vi ute i naturen og me tilpassar til veret og korleis det er meldt.
-
9.00 - frukost
10.00 - syning av måleria for gruppa
12.00 - utsjekk og avreise
Sauna med utsikt over Flatdal
Etter ein dag med kreativt fokus er det godt å runde av dagen med badstu og badestamp før eit firerettars måltid.
Nutheim med den mektige utsikta har vore besøkt av store kunstnarar heilt sidan hotellet opna i 1877. Blant dei var Henrik Sørensen, Erik Werenskiold, Kai Fjell og Willi Middelfart. På 60-talet slo kunstnarbrødrene Terje og Erlend Grøstad seg ned og start Nutheim Målarskule.
Kurshaldarane
-
Ellen Grøstad Barstad
Ellen er skulpturkunstnar utdanna ved Statens håndverk- og kunstindustriskole og Kunstakademiet. Ho er dotter av kunstaren og grunnleggjaren av Målarskulen på Nutheim, Erlend Grøstad.
-
Kjersti Grøstad
Kjersti har utdanning i kunstfag med Diplom i Tekstil (vev) frå SHKS ( Statens håndverks og kunstindustriskole) nå Kunsthøgskolen, masterutdanning i pedagogikk ved Høgskolen i Oslo (nå OsloMet), spesialpedagogisk utdanning og eit mellomfag i Kunsthistorie. Ho har lang arbeidserfaring både som kunsthandverkar, som faglærar i kunstfag og som kunstformidlar.