Kunstnarbesøk på Nutheim Kunstsenter

Ånond Versto og Habima Fuchs traff kvarandre fyrste gong i 2011 på Lofoten International Art Festival i forbindelse med utstillinga «Something in the way». Denne sumaren har han invitert ho til å vere i residens på Nutheim Kunstsenter. Neste gong ho kjem til Nutheim fortel ho at ho vil vere lengre.

Eg har sett meg inn i nokre teknikkar eg ikkje er vand med, tresnitt og grafikk. Kunsten min er for det meste skulpturar og teikningar, så det var interessant for meg å prøve nye teknikkar. Særleg lika eg utfordringa med tresnitt. Ein må liksom tenkje motsett, og lage ein negativ. Det tykte eg var krevjande, men interessant fortel kunstaren Habima Fuchs

Hambima Fuchs seier at ho gjerne kjem attende til Nutheim Kunstsenter for ein lengre periode. På denne vitjinga har ho mest berre fått tid til å ta inn over seg alle inntrykka som ligg i landskapet. Ho er fasinert over korleis landskapet og lyset endrar perspektiv for kvart skritt ein tek.

Habima Fuchs nyt utsikten på Nutheim

Alle landskap er vakre. Uansett! Viss du likar det, så er det vakkert. Det handlar om perspektiv. Men det tek tid å ta inn landskapet. Kroppen må klare å kopla seg på og akseptera det på cellenivå. 

Habima Fuchs vart fødd i 1977 i Ostrov, i tidlegare Tjekkoslovakia. Ho har hatt ei rekke separatutstillingar i tillegg til å være med i ei rekkje andre utstillingar. Mellom anna var ho i 2016 med i utstillinga «Skumringssoner» i regi av Seljord kunsforening. Sjå meir om kunstnaren

Forrige
Forrige

Omvising på Nutheim 3. juli

Neste
Neste

Røda Stabbur, Flatdal av Fritz Smedberg (til sals)