Den langsomme veien gjennom skogen og hjem
Anne Stabell (f. 1958) er ein av våre fremste tekstilkunstnarar. Kunsten hennar har fått auka merksemd dei siste åra med sine store, halvvegs transparente vevnader med luftige, poetiske motiv knytt til tre og skog. Ho har og arbeidd mykje med små, stadbundne plantefarga vevnader. Ho er nyleg innkjøpt av nasjonalmuseet, og var i 2021 nominert til den internasjonale Cordis Prize for tapestry.
I utstillinga vil du sjå eit utval av Stabells verk frå dei siste åra. Dei store vevnadane er montert i taket i det store låverommet. Publikum vil sjå vevnadane som tredimensjonale levande skulpturar i tett dialog med tømmeret og ljoset i det gamle låverommet.
I verka sine jobbar Anne Stabell med samspelet og kontrasten mellom renning og innslag. Ofte brukar ho nylon og ull for å få fram motiva i veven. Anne Stabell forklarar det slik:
Det er som å komme hjem når hendene arbeider i veven. Bevegelsene sitter i kroppen, alt faller på plass. Arbeidet med trådene får min verden til å henge sammen, slik renning og innslag henger sammen. Fargen på renningen danner en klang av grunntoner, den jevne avstanden mellom trådene setter takten for innslagenes rytme og melodi. Og tiden det tar å veve er en selvfølgelig del av helheten.
I utstillinga vil publikum få sjå ein serie av små, innramma transparentar. Garnet i disse bileta er farga med ei særskild plante frå ein bestemd stad, plukka på ein bestemd dag. Kvart bilete er nummerert og har opplysningar om kvar og når planta er plukka, og kva ho heiter. Desse «fargeprøvene» er enkeltverk, men vert presentert samla under tittelen Herbarium Tinctorum.
Inngang kr 50,-
Inngang Kunstreise Seljord kr 150,- inkluderar inngang også på Eva Bull Holtesmuseum og Kunstlåven i Seljord.
Open kvar dag 11.00 - 18.30