Erlend Grøstad (19.02.1923 - 10.04.2018) debutera som målar i 1948 og vart etterkvart ein kjendt landskapsmålar. Han jobba gjennom eit langt liv med å byggje opp Nutheim Gjestegiveri som eit kunstsenter. Mellom anna arrangerte han målarskule om sommarane frå 1961. Han fekk, saman med bror sin kunstnaren Terje Grøstad, Kongens Fortjenestemedalje i 1996.
Utstillinga er i tre deler og viser tre epoker:
I REKLAMEN - ein ung reklamemålar med kunstnarlege ambiasjonar
BILETBYGGJAREN - eit sytti år langt kunstnarskap i perspektiv
REPETISJONAR - den siste biletserien til ein kunstnar med Alzheimer
Utstillinga har fylgjande opningstider:
27. aug - 11. sept: kvar dag 12 - 19 12. sept - 8. okt: kvar dag 12 - 17 frå 9. okt : kun etter avtale for grupper på min. 10 personer. Pris 150 pr person.