Det fyrste Målarkurset på Nutheim

Grafikaren Terje og broren kunstmålaren Erlend Grøstad fotografera foran Nutheim hausten 1960. Dei er kurshaldarar på det fyrste målarkurset på Nutheim.

Hausten 1960 var fyrste gongen målarskurset på Nutheim vart arrangera. Den gongen var det Friundervisninga som stod for kurset, medan kunstnarbrørne Terje og Erlend Grøstad som hadde busett seg på Nutheim var kurshaldarar.

Den gongen reklamera dei med at det kunne kome til å vera “berømtheter” i spisesalen på Nutheim om kvelden. Om det var det, kan me ikkje vita, men det var nok ikkje heilt usannsynleg. For det var mange av kunstarane som måla mykje i Flatdal i mellomkrigstida som etablera seg med atelier i bygda som er kjend for å ha vore eit kunstnarsenter i over hundre år.

Året etter etablera Erlend Grøstad “Målarskulen”. Han var lidenskapeleg opptatt av å formidle gleda ein sjølv kunne få, men også gje til andre dersom ein oppdaga sine visuelle og kunstnariske evner.

Målarskulen er vidareført i femdagars målarkurs på Nutheim. Kursa er lagt opp etter samme visjon som Erlend Grøstad hadde og passar for amatørar på alle nivå.

Avisutklipp det fyrste målarkurset på Nutheim



Neste
Neste

Full klaff på Nutheim sitt målarkurs