Tilbake til alle arrangementer

Utstilling: Streif langs Sogevegen


  • Nutheim Gjestgiveri 1283 Flatdalsvegen Flatdal, Vestfold og Telemark, 3841 Norway (kart)

Velkommen til utstilling på Nutheim Gjestgiveri i regi av Nutheim Kunstsenter. Utstillinga Streif langs Sogevegen sumaren 2023 har to delar:

Kjellargalleriet

Då Mælefjølltunnelen opna, hausten 2019, blei vegstrekket gjennom Flatdal, over til Svartdal, gjennom Ambjørndalen og Hjartdal ein omveg for dei fleste bilistar. Denne omvegen fekk namnet Sogevegen, og eit stort arbeid blei gjort for å gjere han attraktiv for dei som reiser langsamt. Kunstnarane i denne utstillinga har alle laga ny kunst til Sogevegen, tilgjengeleg for reisande langs vegen. Denne utstillinga lyfter fram andre sider av kunstnarskapa deira.

Medverkande kunstnarar:

Philipp Dommen, Hans Kristian Borchgrevink Hansen, Jadwiga Podowska, Ellen Henriette Suhrke, Barbro Raen Thomassen, Ånond Versto, Hans Martin Øien

Låvegalleriet

Utstillinga i låvegalleriet lyfter fram kunstnarkolonien som ein gong heldt til på Nutheim og i området rundt. Dette miljøet dominerte norsk målarkunst i ein avgjerande periode i vår historie, men har av ulike grunnar gått litt i gløymeboka. Det var så mange målarar i området at det heittest blant bygdefolk at ein ikkje kunne setje seg på ein stein utan å få ein målingsflekk i fua. Utstillinga er kuratert av kunstnarane Ånond Versto og Hans Kristian Borchgrevink Hansen som har skrive boka Streif langs Sogevegen, som mellom anna tek for seg kunstnarkolonien.

Utstilde verk frå:

Willi Midelfart, Henrik Sørensen, Finn Faaborg, Terje Grøstad, Erlend Grøstad, Aage Storstein, Johs. Rian, Alexander Schultz, Alfred Steinskogen, Olaf Willums, Anita Greve, Harald Dal, Rolf Juell-Gleditsch, Rudolph Thygesen, Harald Kihle, Kai Fjell, Gustave Doré, Charles W. Strøm, Ture Holm, Nanna Kiönig, Fritz Smedberg, Sigurd Winge, Per Hilden, Eva Bull Holte, Eystein Sigurdsson, Christian Stenersen, Axel Haugen, Erik Werenskiold

Forrige
Forrige
27. mai

Utstillingsopning og boklansering: Streif langs Sogevegen

Neste
Neste
6. august

Finissage: Ustillinga "Streif langs Sogevegen”