Tilbake til alle arrangementer

Utstillingsopning og boklansering: Streif langs Sogevegen

  • Nutheim Gjestgiveri 1283 Flatdalsvegen Flatdal, Vestfold og Telemark, 3841 Norway (kart)

Nutheim Kunstsenter inviterer til boklansering og utstillingsopning på Nutheim Gjestgiveri.

Boka Streif langs Sogevegen – Ein turguide for Flatdal, Svartdal, Ambjørndalen og Hjartdal, skriven og illustrera av kunstnarane Ånond Versto og Hans Kristian Borchgrevink Hansen, tek for seg eit område uvanleg tettpakka med artsrike kulturlandskap, folkeminne og kunsthistorie. I tillegg til reiseskildringar, soger og andre funn gjev boka eit innblikk i den store kunstnarkolonien som utfalda seg i området i mellomkrigstida.

Under opninga blir det bokbad med Grete Hald og forfattarane og musikalsk innslag ved kvedaren Ingvill Marit Buen Garnås.

Programmet startar kl 17.00

Velkommen
Velkomsttale v/ Ellen Grøstad Barstad - eigar av Nutheim Gjestgiveri
Opningstale v/ Line Ruud Ørslien - kunstfagleg rådgivar for Sogevegen om Nutheim frå Vestfold og Telemark Fylkeskommune

Bokbad
Grethe Hald var kunstnarisk konsulent for prosjektet Sogevegen om Nutheim og skal skal snakke med Hans K.B. Hansen og Ånond Versto om turguiden og boka Streif langs Sogevegen.

Song
Ingvill Marit Buen Garnås er dagleg leiar i Kulturlandskapssenteret som har bidratt med viktig kunnskap og historie til Sogevegen om Nutheim. Ho er også kvedar og vil runde av programmet med song.

Boksignering og utstilling i Kjellargalleriet og Låvegalleriet
Publikum kan få sjå dei to utstillingane, og det blir mogleg å få kjøpt boka til Hans K.B. Hansen og Ånond Versto Streif langs Sogevegen.

Heile dagen langs Sogevegen?
Programmet er lagt opp slik at ein kan rekkje å vere med på både vandring med Kulturlandskapssenteret og konserten Seljesong med Silje Hegg og Torhild Ostad før utstilingsopninga.

Programmet er ferdig i tide til at du rekk å avslutte dagen med å ete middag på Nutheim Gjestgiveri kl 19.00. Me anbefaler å bestille bord i god tid på telefon 35 05 21 43.

Forrige
Forrige
2. juli

Utstilling: STEDSANS av Tove S Hellerud

Neste
Neste
27. mai

Utstilling: Streif langs Sogevegen